Ugla og Pusekatten
I
Ugla og Pusekatten drog til sjøs
I ein vakker ertegrøn båt
Dei tok litt honning, og nok av pengar
Og pakka dei inn i ein fem punds seddel
Ugla såg opp på stjernene over
Og song til ein liten gitar
"Å, elskelege Pus! Å, Pus min kjærleik
For ein nydeleg Pus du er
Du er
Du er
For ein nydeleg Pus du er!"
II
Pusen sagde til Ugla “du flotte fugl!
Kor endelaust søtt du syng!
Å, lat oss gifte oss! For lenge har vi nølt:
Men kva skal vi bruke som ring?”
Dei siglde avgarde, i eitt år og éin dag
Til landet der Bongetreet veks
Og der i skogen stod ein Purkivigg
Med ein ring uti enden av nasen
Nasen
Nasen
Med ein ring uti enden av nasen.
III
“Kjære gris, er du viljug til å selja for éin skilling
Din ring?” So sagde Purka, “greitt.”
So dei tok han med, og vart gift dagen derpå
Ved Kalkuna som bur oppi heia.
Dei åt små bitar, og kvedefrukter,
Som dei åt med ein sylteagurkskei;
Og hand i hand, ikkje so langt ifrå sand,
Dansa dei i ljoset av månen,
Månen
Månen
Dansa dei i ljoset av månen
Translated by Aleksander Markussen